top of page
Farge fjøs melkekyr omastrand

Kyr eg har møtt og likt

Del 2 av masterprosjektet.

Dette prosjektet er ei vidare utforsking av kva verdi illustrasjon og fargar kan ha som ein integrert del av omgjevnadane våre. I del 1 (barne- og ungdomsklinikken) låg fokuset først og fremst på korleis omgjevnadane våre påverkar eige humør, helse og velvære, men forskning viser at omgjevnadane våre også kan påverke korleis me oppfattar og behandlar andre menneske rundt oss. 
Derav kom spørsmålet som leda meg til del 2: kan landbruksdyrs omgjevnader påverke vår oppfatning og haldning til dei? 

Prosjektet ser på viktigheita av estetikk i omgjevnader, på ein stad der funksjon, effektivitetskrav og økonomi veg tyngst i utforminga - nemleg i eit fjøs. Ein tenker gjerne at estetikk kun er noko som er fint å sjå på, men det spelar og inn på adferden vår. Den estetiske kvaliteten me legg i omgjevnadane våre seier noko om kva verdi me som samfunn tillegg dei som befinn seg der.

ekstra til Instagram.jpg
før.jpg

I Noreg i dag får kun 3% av landbruksdyra våre gå ute i løpet av livet, noko som ikkje berre begrenser moglegheita deira til å utøve naturleg adferd, men som også bidreg i å usynleggjere dei i samfunnet. Med så få dyr ute, ønsker eg med dette prosjektet å heller invitere folk inn, for å synleggjere både bønder, dyr og drift og for å gje folk eit innblikk i kva som skjer på vegen før butikkhylla.

18.jpg
IMG_20220513_123533 kopi.jpg
bottom of page